torsdag 30. oktober 2014

Edvard Munch: Fruen fra Havet

I oppgåve fekk eg å finne fram eit verk av Edvard Munch som eg skal fortele om. Eg har valt Fruen fra Havet, som Munch malte i 1896.


Grunnen til at eg valte nettopp dette biletet var fordi eg likte stemingen som kombinasjonen av dei mørke fargane skaper. Spesielt liker eg korleis blikket gjerne driver mellom sola, kvinna sitt anlete og speglinga av sola i vatnet, like ved dei såkalte finnane til kvinna.

I forgunnen ligger ein framoverlent rødhåra kvinne på vatnet, ho lener gjerne over ein stein like ved underflata. Underkroppen hennar går gradvis frå å vere menneskelege bein til ein slgs fiskehale, som er malt med grove penselstrøk og kontrastfarger av ein grålig grøn-farge og gult. I mellomgrunnen ser du horistonten til havet som denne kvinnen "kjem frå". I bakgrunnen, heilt på toppen av biletet til høgre, skiner sola, eller kanskje ein måne. Nesten heile bakgrunnen er ein mørk lilla. Mellom horisonten og sola er det eit slags lys som kan anten indikere nokon klipper som ligger i bakgrunnen, eller berre ein form for teknikk for å teikne gjenspeglinga av sola i vatnet utan nokon form for perspektiv, men berre eit rett rektangel av lys. Dette er bemerkeleg med tanke på at Munch har dratt nytte av nok så eit realistisk perspektiv i vatnet i forgrunnen. 

Foran dette såkalte lyset er det nokon mørke silhuetter som kviler under den vassrette linja ved sola. Disse kan til dømes vere tre, skyer eller eventuelt nokon skikkelser. Ut i frå utrykket til kvinnen, kan det se ut som om ho ser på desse skikkelsene. Blikket vender nervøt i derias retning, og det kan verke som om ho prøver å flykte frå desse skyggane. Dersom ein refererer til tittelen, kan ein tenkje seg at kvinna frå havet prøver å flykte frå der ho kjem frå.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar